Oppsummering av Landsrådshelen 2020

Her kjem ein liten oppsummering etter helga som Vyborghjelpen har vore med på: Fredag 28/2 var det møte i Brattvåg bedehus. Der blei me ønskt velkommen av Gudrun Longva. Torgeir Tynes talte og bedehusgruppa i Brattvåg song ( Gudrun, Hilde og Marit). Det var og orientering med blider frå arbeidet. Etter møtet var det kveldsmat.
Samtidig fredag var det og møte i Ulsteinvik bedehus. Der talte Jostein. Han og Johannes song og dei orienterte og viste bildar frå arbeidet. Møtet var avslutta med servering.
Litt tidlegare var det møte i Hakalastranda bedehus i Vannylven. Der talte Ove Aksnes og Kari Laila og Ove song. Bedehusmusikken var også med. Det var også her orientering med bildar fra arbeidet. På dette møtet var det utlodding og kveldsmat. Alle møta gjekk parallelt og det var med representantar for styret og landsstyret på møta.
Lørdag 29/2 var styret og landsstyret samla til årsmøte på Ålesund folkehøgskule (Borg). Me reknar med å koma med referat herifrå, seinare.
Søndag 1/3 var det gudsteneste på Spjelkavik bedehus der me blei ønskt velkommen av Johan Behrentz. Jostein talte og Jostein og Johannes song. Jon Teigen orientering viste bildar. Etter møtet var det kyrkjekaffi med kaker.
Det var teke opp kollekt på alle møta.
Dette var ei god og nyttig helg og kjekt å koma ilag med alle Vyborgvenner og andre venner. Stor takk for me fekk koma og presentera Vyborghjelpen på alle desse bedehusa.